Bandtvang i Sula kommune

I heile Sula kommune er det bandtvang for hund frå 1. april til 20. august. På Sulafjellet er det i tillegg bandtvang frå 21. august til 30. september.

Frå og med 1. april til og med 20. august er det bandtvang overalt i heile landet. Dette for at hundar ikkje skal jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, inkludert egg, reir og bo.

Kommunen har høve til å utvide denne bandtvangen, og 15. mai 2019 vedtok kommunestyret i Sula at det skal vere bandtvang på heile Sulafjellet frå og med 1. april til og med 30. september. På denne måten ønskjer kommunestyret å legge til rette for at sauebønder skal kunne ha dyra sine på utmarksbeite ut heile sesongen.

Du kan lese Sula kommnue si lokale forskrift om bandtvang for hund her.

Her kan du sjå kart som syner kvar den utvida bandtvangen gjeld. (PDF, 3 MB) I det skraverte feltet er det bandtvang frå 1. april til 30. september.

Vi gjer merksam på at uansett kvar ein befinner seg og når på året det er, skal ein hundeeigar vise aktsemd for å unngå at hunden gjer skade på folk, dyr eller ting eller for at hunden skapar utryggheit for andre. I hundeloven § 4 heiter det at:

Hundeholderen skal påse at hunden ikke farer mot, hopper på, forfølger eller stiller seg i veien for folk som ikke godtar dette. Har en hund dette for vane, skal den bli holdt i bånd på steder som er åpne for allmenn ferdsel.

Hundeholderen skal vise særlig aktsomhet der det er barn, for å hindre slik kontakt mellom hund og barn som barnet eller voksne som følger barnet, ikke inviterer til, og for å forebygge at barn blir skremt. Om nødvendig skal hunden bli satt i bånd eller holdt tett inntil hundeholderen.

Her kan du lese hundelova i si heilheit. 

Heile Sula: bandtvang frå 1. april til 20. august. Skravert felt: bandtvang frå 1. april til 30. september.