Om du er uheldig og køyrer på eit dyr skal du kontakte politiet på på telefon 02800, politiet vil kontakte Ettersøksgruppa ved behov.
Om du finn skadde, sjuke eller døde dyr i naturen, kan Ettersøksgruppa på Sula kommune kontaktes på telefon 90991017, men du kan også kontakte politiet.
Hjortejakta varer frå 1. september til 23. desember kvart år.
Sula hjorteviltvald representerer grunneigarar i Sula kommune og har utarbiedd ein forvaltningsplan for hjortevilt i kommunen. Planen er godkjent av viltnemnda. Gjeldande plan kan du lese her: Bestandsplan Sula Hjorteviltvald (PDF, 844 kB)
Leiar for Sula Hjorteviltvald er Eirik Guldal Loftesnes, han kan kontaktast på eirikloftesnes@gmail.com.
Sula har skotpremie på mink, raudrev og kråke frå og med kalenderåret 2019.
Ordninga vart evaluert av formannskapet i sak 24/21
Du kan lese saksframlegget her.
Kommunestyret set årleg av ei ramme på kr 15 000,- til føremålet. Dersom samla utbetaling overstig kr. 15 000,- skal utbetaling per dyr avkortast pro rata, slik at summen ikkje overstig ramma. Personar som gjer krav på utbetaling skal vere busett i Sula kommune og skal oppgje koordinatar som syner kvar viltet er skutt eller fanga. Avliving skal alltid skje på ein trygg og human måte. Jegerar som ikkje rettar seg etter dette, misser retten til utbetaling av skotpremie fullt og heilt.
Satsar (merk at avkorting kan vere aktuelt):
- Mink: 250,-
- Raudrev: 200,-
- Kråke: 50,-
Kontroll:
Sula Jeger- og Fiskerforening står for kontroll av viltet. Kontrollering vil bli utført på følgande måte:
- Rev : Jeger skal klippe av ytterste potar på begge framlabbane. Ta kontakt med kontrollør for kontroll same dag eller påfølgande dag.
- Mink : Jeger skal klippe av ytterste potar på begge framlabbane. Ta kontakt med kontrollør for kontroll same dag eller påfølgande dag.
- Kråke : Jeger skal klippe av begge føtene og knyte dei fast til kvarandre. Ta kontakt med kontrollør.
Kontrollørar:
| Namn | Område | Telefonnummer |
| Petter Jan Bjørkelid | Eikrem/Sulesund/Solevåg | 900 38 556 |
| Kristoffer Giske | Fiskarstrand/Langevåg | 414 25 553 |
| Jan Egil Arnestad | Fiskarstrand/Langevåg | 459 01 498 |
Tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Det kan søkast tilskot til tiltak som fremjer natur- og kulturverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, og som reduserer forureining frå jordbruket.
Søknadsfrist er fortløpande
Kven kan søke?
- Føretak som oppfyller vilkåra for produksjonstilkott i jordbruket.
- Eigar av landbrukseigedom dersom det foregår produksjon som oppfyller vilkåra for produksjonstilskot i jordbruket.
Korleis søke?
For meir informasjon om ordninga og søknadsskjema viser vi til Landbruksdirektoratet:
Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) - Landbruksdirektoratet
Lokale retningsliner
Revidert strategiplan med lokale retningslinjer for SMIL-ordninga (tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket) for Sula kommune for perioden 2026–2029. Strategiplanen er fastsett administrativt av Nordre Sunnmøre landbrukskontor i medhald av delegert mynde, og vert sendt til orientering for formannskapet.
Retningsliner for spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) (PDF, 2 MB)