Kommunaltekniske avgifter

Kommunale avgifter omfattar gebyr for vatn og avløp, gebyr for renovasjon og gebyr for feiing og tilsyn. 

Det blir sendt ut faktura 4 gongar i året, med forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. desember. Du kan også søke om å faktura ein gong i månaden.

Oversikt over kommunaltekniske avgifter med forklaring

Vassmålar

Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar i desember kvart år.  Om du ikkje svarar på SMS'en, eller av andre grunnar har bedt om det, vil du motta avlesingingskort i posten.

Oppgjeret kjem på faktura for februar for dei som har månadleg faktura, og på første faktura for dei som betalar kvartalsvis. For dei øvrige terminane blir det stipulert eit â konto beløp berekna ut i frå forbruket året før. Dei som har månadleg faktura blir ikkje belasta for â konto beløp i januar månad, dette beløpet blir fakturert i februar.

AvtaleGiro og eFaktura

Vi anbefalar deg å opprette AvtaleGiro eller eFaktura i nettbanken din. Om du opprettar AvtaleGiro eller eFaktura vil det tre i kraft frå neste faktura.

Meir informasjon AvtaleGiro og eFaktura