Kva er bustadverdi (formuesgrunnlag)?
Bustadverdien er Skatteetaten sin estimerte marknadsverdi av bustaden din. Bustadverdien finn du i skattemeldinga under forklaringa til post 4.3.2 Bustadopplysningar. Husk å legge saman bustadverdiane hvis det er fleire som eig bustaden saman. Bustadverdien er Skatteetaten sitt overslag over bustaden sin marknadsverdi, berekna ut frå areal, byggjeår, bustadtype, plassering og opplysningar om omsette bustader i kommunen. Det er bustadverdien som er grunnlaget for eigedomsskatten og ikkje den skattemessige formuesverdien som for primærbustadar er satt til 25 % av bustadverdien og for sekundærbustadar er satt til 90 % av bustadverdien.
Eigedomsskatten blir berekna ut frå 100 % av bustadverdien, og deretter redusert med 30 % (multiplisert med 0,7). Eigedomsskatten for 2021 blir berekna ut frå bustadverdien i skattemeldinga for 2019. I skattemeldinga for 2019 finn du «berekna marknadsverdi» for bustaden. Denne verdien vil bli lagt til grunn for berekning av eigedomsskatt i 202.
Bustadverdien blir ikkje påverka av om bustaden din er primær- eller sekundærbustad. Det betyr at det heller ikkje påvirker egiedomsskatten.