Skjenkeløyve - ambulerande og enkeltarrangementLytt til tekstenStopp avspillingNår treng du å søke?Du må søke om skjenkeløyve om:Du skal servere alkohol i eit lukka selskap som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement. Du leige lokale, tar betalt for alkohol eller om lokalet berre har serveringsløyve. Du skal ha eit arrangement som er opent for publikum, i lokaler utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område.Kva krav må oppfyllast av søkar?Du må oppgi ein person som skal være ansvarleg for skjenkinga og ein avløysar. Både søker og avløysar må vere fylt 20 år.Begge personane må ha uklanderleg vandel.Korleis søke?Det er same søknadsskjema om du søker om ambulerande løyve for lukka lag, eller eit enkeltløyve for arrangement som er ope for alle.Bruk det elektroniske søknadsskjemaet.Pålogging: MinID eller BankID. Hjelp til å logge på.Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt. Hvor lang tid tar det å få svar?Behandlingstida er normalt 3 veker, men for større arrangement/festivalar må ein rekne med lengre behandlingstid.Kva kostar det? Pris for skjenkeløyve - ambulerande og enkeltarrangmentType løyvePris.Ambulerande skjenkeløyve470,00 pr.døgnSkjenkeløyve for enkeltarrangement - Lag og organisasjonar der inntekta kjem formålet til gode.470,00 pr. døgnSkjenkeløyve for enkeltarrangement - Privatpersonar og firma som driv kommersiell drift2500,- pr. løyve Lover og forskrifterOversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar.Act on the sale of alcoholic beveragesAlcohol Regulations