Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Årets tema

 

"Leikemiljø og ein hjernevenleg barnehagekvardag"

Etter eit svært kjekt tema for førre barnehageår, ønskar vi å vidareføre fjorårets tema. I Langevåg barnehage skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre. Barnehagen skal introdusere nye leikemiljø, tema, fenomen, materiale og reiskaper som bidreg til meiningsfull samhandling.

Leiken og utstyr skal være tilgjengeleg, variert og innby til kreativ leik og utforsking. Innreiing, leiker og utstyr skal være slik at barna blir inspirert til å leike og utforske. Det fysiske miljøet i barnehagen skal også bære preg av barns medverknad og barnas initiativ. Tilrettelagt leik er leik med tydelig struktur og rammer. Forskning viser at tilrettelagt leik for barna er med på å senke barnas stressnivå og gir tryggheit og kontroll for barna.

Dette barnehage året vil vi ha fokus på overgangane i barnehagenkvardagen vår, og korleis vi kan gjere desse situasjonane så gode, trygge, forutsigbare og stressfrie for barna som mogleg. Vi skal utvikle ein felles og lik praksis for avdelingane.