Opningstider

Ordinær opningstid

07:00-16:30  

Dei som ikkje kan nytte dette tidspunktet må seie ifrå.

Maksimal tilrådd opphaldstid er 9 timar.

Planleggingsdagar

For å sikre drift etter formålet, kvalitetsikrar ein dette arbeidet gjennom blant anna planleggingsdagar for heile personalet. Det vert avsatt 5 planleggingsdagar i løpet av barnehageåret. Barnehagen er stengt på planleggingsdagane.

Ved starten av kvart barnehageår får dei føresette ei barnehagerute som viser kva tid barnehagen har planleggingsdagar. Barnehageruta vert, så langt det let seg gjer, samordna med studiedagane til skulen og SFO i kommunen.

Fleksibel opningstid etter behov

Opningstida i barnehagen blir regulert frå barnehageår til barnehageår, alt etter brukarane sitt behov. Vi har fleksibel opningstid innafor dette tidsrommet, etter behovskartlegging i August kvart år. Opningstida er maks 10,25 timar innafor tidsrommet 06:45 -17:00