MoTo-leik - motorisk leik og læring
Grunnlaget for god helse leggast tidleg i livet. I følgje Rammeplanen for barnehagen skal barnehagen ha ein helsefremjande og førebyggjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale forskjellar. Den fysiske og psykiske helsa skal fremjast i barnehagen.
Molvær barnehage skal vere ein arena for dagleg fysisk aktivitet og stimulere rørsleglede og den motoriske utviklinga til barnet. MoTo-leik og læring er utvikla for å kvalitetssikre det som skjer rundt den motoriske utviklinga til barn i barnehagane i Sula. Det er utvikla eit årshjul med eit fokusområde for kvar månad som eit supplement til dei daglege aktivitetane i barnehagen. Gjennom MoTo-leik og læring har vi fokus på å utvikle og støtte motorisk utvikling og meistring. Den gjer også barna meir modne og klar for læring fram mot skulestart. Det viktigaste er at barna opplever glede ved fysisk aktivitet. Vi leiker og beveger oss fordi det er gøy. Det er en kjelde til kreativ tenking omkring motorikk, rørsle og god psykisk og fysisk helse.
Sist endra 09.09.2022 14.48