I Molvær barnehage vurderer vi arbeidet fortløpande.
Refleksjon og diskusjonar i personalgruppa og med foreldre og barn, skal også vere utgangspunkt for ny planlegging av innhald, mål og metodar, og for fornying av verksemda.
Foreldra er med på vurderingsarbeidet ved å gi personalet tilbakemeldingar på arbeidet gjennom:
- Brukarundersøkinga
- Dagleg kontakt/samtale i garderobe
- E-post
- Foreldresamtale
- Foreldremøte
Barna skal også vere med å vurdere barnehagen sitt innhald, ved at personalet og foreldre spør og lyttar til meiningane deira, opplevingar og erfaringar i kvardagen.