Vår digitale praksis

Barnehagen er ein viktig arena for digital danning. Ferdigheiter og kunnskap om bruk av digitale verktøy er ein del av danningsprosessen til barn. Barn veks i dag opp i ei digital verd og teknologiske verktøy blir brukt rundt barn og av barna.

I Molvær barnehage skal vår digitale praksis bidra til leik, kreativitet og læring. Vi bruker digitale verktøy i vårt pedagogiske arbeid for å støtte opp om barna sine læreprosessar, der dei får utforske, leike og skape. Slik får vi eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn. Det digitale skal vere ein del av aktivitetane, der det er naturleg og der det er rom for det. I barnehagen vår er det dei vaksne som er gode rollemodellar når det gjeld nettvett og digital dømmekraft. Vi skal alltid vere saman med barna og bidra til at dei utviklar ei gryande etisk forståing knytt til digitale media. Hos oss får barna mellom anna kjennskap til å fotografere, filme, høyre musikk, laminere, lage collage, bruke ipad og digitalt mikroskop ilag med vaksne.   

I Sula kommune har vi ein handlingsplan Kreativ bruk av IKT i Sulabarnehagane som har fokus på korleis vurdere og bruke digitale ressursar i leik, læring og samhandling, denne har vi implementert i arbeidet vårt.