Sula kommune

Avdelingar

Molvær barnehage er ein kommunal barnehage med 4 avdelingar. Vi har to småbarnsavdelingar for barn mellom 1-3 år, og to storbarnsavdelingar for barn 3-6 år.

Avdelingane har fått namn etter stader i nærleiken av barnehagen.

Meir informasjon om avdelingane:

Geilneset

Geilneset er ei småbarnsavdeling med barn i alderen 1-3 år

Barnehagen ligg i Geilneset, det vart difor naturleg at den eine aveling fekk dette namnet. Namnet Geilneset kjem av ordet Geil, som tyder ”ein veg med gjerde på begge sider”, noko som det sikkert har vore på vegen ned til Geilneset ein gong i tida.

Desse jobbar på avdeling Geilneset

Kontakt

Telefon: 48 08 94 81

Jakobfjøra

Er ei småbarnsavdeling med barn i alderen 1-3 år.

Den er kalla opp att etter den fjøra som ligg nærast barnehagen. Jakob Molvær hadde naust nede i denne fjøra, derav kjem namnet Jakobfjøra.

Desse jobbar på avdeling Jakobfjøra

Kontakt

Telefon: 48 10 13 37

Mølen

Mølen er ei storbarnsavdeling med barn i alderen 3-6 år.

Namnet  Mølen tyder ”banke av rullestein”. Geilneset og Jakobfjøra er full av rullesteinar. Vidare ligg namnet Mølen til grunn for namnet Molvær.

Desse jobbar på avdeling Mølen

Kontakt

Telefon 48 08 96 69

Køyla

Køyla er ei storbarnsavdeling med barn i alderen 3 – 6 år.

Køyla tyder ”grunt sund – der det er farande for båt berre ved flo sjø”. Staden mellom fjøra og moloen ved gamle Rådhuset på Devold, blir kalla Køyla.

Desse jobbar på avdeling Køyla

Kontakt

Telefon: 48 09 33 43