Molvær barnehage er ein kommunal barnehage med 4 avdelingar. Vi har to avdelinger for barn mellom 1-3 år, og to avdelingar for barn 3-6 år.
Avdelingane har fått namn etter stader i nærleiken av barnehagen.
Køyla
24 barn i alderen 3 – 6 år
Køyla betyr ”grunt sund – der det er farande for båt berre ved flo sjø”. Staden mellom fjøra og moloen ved gamle Rådhuset på Devold, blir kalla Køyla.
Mølen
18 barn i alderen 3-6 år
Namnet Mølen betyr ”banke av rullestein”. Geilneset og Jakobfjøra er full av rullesteinar. Vidare ligg namnet Mølen til grunn for namnet Molvær.
Geilneset
12 barn i alderen 1-3 år
Barnehagen ligg i Geilneset, det vart derfor naturleg at den eine avdelinga fekk dette namnet. Namnet Geilneset kjem av ordet Geil, som tyder ”ein veg med gjerde på begge sider”, noko som det sikkert har vore på vegen ned til Geilneset ein gong i tida.
Jakobfjøra
12 barn i alderen 1-3 år
Jakopfjøra er kalla opp att etter den fjøra som ligg nærast barnehagen. Jakob Molvær hadde naust nede i denne fjøra, derav kjem namnet Jakobfjøra.