Loppeheimen er ei småbarnsavdeling med barn frå 0-3år. Vi har stort fokus på god tilknyting og språk.
Når eit barn startar hos oss er det aller viktigaste at barnet får ei god tilknytning til oss personale. Vi bruker «The circle of security» som overordna prinsipp. Vi vil vere den trygge basen i barnehagen der barnet kan kome og “lade” på fanget og få ein varm klem og ein god samtale. Vi er der for barnet når barnet søker trøst eller bekrefting og vi vil støtte barnet til å utforske og vere nysgjerrig. Vi legg vekt på å ha eit godt samarbeid med foreldre. Vi deler kunnskap og erfaringer om god tilknytning, og foreldre hjelper oss å bli kjent med akkurat deira barn og bidrar til å trygge barnet i det nye tilvere.

PPå vår avdeling er vi opptatt av å legge til rette for ei god språkutvikling. Vi bruker “teikn til tale” og ASK symbol som støtte for å styrke det verbale språket og hjelpe barna til å gjere seg forstått. Vi har samlingar med inspirasjon frå Babblarna der vi får ei meir systematisk oppbygging av språket, og vi er medviten på korleis vi brukar språket vårt i kvardagssituasjonar, song og formingsaktivitetar. Barna lærer språk i alle situasjoner i løpet av dagen.

I Sunde barnehage har vi eit friluftsfokus, og vi vil også på Loppeheimen aktivt bruke uterommet og naturen i vårt nærmiljø til å bli kjent med den gleden og det mangfoldet naturen har å gi oss. Vi går på tur kvar veke og er ute kvar dag. Dei små barna treng å bruke kroppen aktivt, MOTO-leik vil vi derfor halde på med gjennom heile året både inne og ute. MOTO-leik er utarbeida av fysioterapauter for å gi barna god motorisk stimulering igjennom mange grunnleggande rørsle. Motorisk utvikling er nært knytta til den intellektuelle utviklinga som for eksempel språk.
Gjennom barnehageåret 2025/2026 vil vi ha eit ekstra fokus på bøker. Dette arbeidet er knytta til utviklingsarbeidet som heile kultur og oppvekst er med på. Igjennom bøkene vil barna møte ord og tekst som vil styrke språkutviklinga. Leik, fantasi og kreativitet er også ein viktig del av det vi ønsker at barna skal få utfalde seg i. Derfor bruker vi metoden «å leike ei bok». Boka blir valgt ut med tanke på barnas interesse, utvikling og årstid. Vi holder på med boka til vi kjenner at barna er klar for ei ny bok. Dette blir eit tverrfaglegarbeid som vil bidra til dybdelæring hos barna.