Babblarna

På Loppeheimen vil vi gjennom heile året halde frem med å inkludere Babblarna i vår fokus på språkutvikling. Babblarnahøyrer til Karlstadmodellen og er eit pedagogisk utvikla verktøy for å utvikle tale og språk. Der leik, nysgjerrighet og fantasi er med på å skape motivasjon for læring. 

Gjennom den kunnskapen vi har opparbeida oss i bruken av Babblarna og det materialet vi har, har vi utarbeidet ein plan som vil dekke heile året og sikre oss at vi er innom eit breidt språklig spekter. Vi vil kunne møte kvart born i sin språklege utvikling. Vi har fokus på gjentaking, humor, nysgjerrigheit og meistring 

 

Gjennom Babblarna vil vi arbeid med fonologisk bevisstheit, som inneberer at vi blir kjent med at ulike ord består av stavingar og lyder. Vi vil øve oss på å lytte til ulike lydar og nyansar for å kunne skilje ulike stavingar. Dette er områder som er spesielt viktig for å førebygge seinare skrive- og lesevanskar. Gjennom året er vi innom ulike ordklasser og blir kjent med ulike omgrep innanfor kvar ordklasse. 

 

Vi vil ha ei til to samlingsstund i veka med fokus på Babblarna. Innhaldet i samlingane vil variere, men grunntanken er å bidra til å utvikle talespråket vårt, samt oppleve fellesskap, glede og meistring. 

 

Vi har delt inn året i fire ulike hovudtema for å dekke ulike deler ved språklæringa. Vi startar med Babba, Bibbi og Bobbo som gjennom leik og nysgjerrigheit gjer oss kjent med pronomen (min, din, sin, vår) og preposisjonar (over, under, bak og ved sidan av). Vi har fokus på B-lyden og bruker ulike substantiv som bok, blome, buss og ballong i samlingane våre. 

 

Når vi går over til Dadda, Diddi og Doddo er det D-lyden som står i fokus. I tillegg blir vi betre kjent ulike adjektiv (farger og former og andre beskrivingar) samt verb (Danse, sjå, banke på, hoppe, synge, vaske osv.) 

 

Nokre litt meir ukjente venar er Gagga, Giggi og Goggo. Gjennom Lyden G vil vi her ha fokus på å sette ord på ulike følelsar, Kva kan gjer oss glad når vi er lei oss? Og korleis være ein god venn? Og kva grimasar lager ansiktet vårt når vi er sinte? God, godt, glad...  

 

Sassa, Sissi og Sosso kjem også på besøk og blir med i samlingsstundene etterkvart. Vi vil her ta utgangspunkt i S-lyden. Gjennom Sassa, Sissi og Sosso vil vi fokusere på det å lytte til ulike lydar, høyrer vi forskjell på ulike S lyder og kva slags lyd er det vi høyrer på no? Vi vil bruke ei lytteboks der vi blir kjent med ulike lydar og vil forsøke å skile lydane frå kvarandre.  

 

I nokre av samlingane vil vi ta utgangspunkt i dei ulike Babblarna bøkene, der vi gjer ei allereie kjend historie for borna om, slik at borna får være deltakarar i historia. Andre samlingar bygger vi ut i frå dei ulike figurane og tilpassar etter bornas interesser og utvikling. Musiske aktivitetar er ein av dei viktigaste aktivitetane som fremmer språkutvikling best. I alle samlingane vil vi derfor trekke inn songar og bruke vår eigen namne Babblarna song til arbeid med fonetisk bevisstheit. Gjentaking er viktig for læringa så vi vil bruke same utgangspunkt for samlingane gjennom ein heil månad om gongen. Vi vil trekke inn teikn til tale for å støtte opp om dialog og kommunikasjon.