Solhøla

Barna på Solhøla er 3-6 år - og denne gjengen vert sprek. Dei er på tur fleire gonger i veka i det flotte nærområdet vårt!

Barna på Solhøla er 3-6 år - og denne gjengen vert sprek. Dei er på tur fleire gonger i veka i det flotte nærområdet vårt!

Solhøla er ei storbarnsavdeling med plass til 24 barn, barna er mellom 2 og 6 år. 
I tillegg til arealet i barnehagen har vi også tilgang til Sundsbua som vi har leigeavtale med. Det er kort veg dit med stor variasjon av moglegheiter. Der er kunstgrasbane, turstiar, skog og mark og ikkje minst gapahuk med bålplass. Vi går også på tur andre plasser i nærområdet, for eksempel Kallarhaugen og fjøra i Nausthaugen.  

Solhøla er ei avdelinga er som er mykje ute. Tysdag til fredag er det alltid ei gruppe med barn på tur. Ved å dele barnegruppa kjem vi nærmare kvar enkelt barn og det blir betre kvalitet på det pedagogiske opplegget både i barnehagen og på tur. Du kan lese meir om friluftsfokuset vårt her; friluftsliv 

 I fleire år har vi jobba mykje med ASK (Alternativ språkleg kommunikasjon). Vi har sett at både teikn til tale og bildesymbol har ein generell positiv verknad på alle barn. Det gjer kvardagen meir forståeleg og føreseieleg. 

Når barnet kjem inn på avdelinga om morgonen eller etter å ha vore ute, finn det bildet sitt på ei tavle med 5 leikealternativ (ASK- symbol). Barnet får då vel aktivitet og sette bildet sitt der det ønsker å vere. Leikealternativa blir bestemt utifrå kva vi ser barna liker å halde på med og vala varierer. Kvar dag sett vi også opp ei dagtavle som viser kva barna skal gjere den dagen.  Vekestrukturen er fast, men innhaldet varierer alt etter tema.  

Vi har ein fleksibel årsplan med tanke på kva tema vi skal jobbe med. Temaet vel vi ut i frå observasjonar vi gjer av barna sin leik i barnehagen og det vi høyrer barna er interessert i. Barns medverknad har stor plass i måten vi jobbar på både i barnehagen og på tur. Denne fleksibiliteten gjer også at vi kan vurdere undervegs om temaet skal vare i ein, to eller tre månader. Vi vurderer planer og etterarbeidet, og sikrar at det pedagogiske arbeidet er i tråd med Rammeplan for barnehage og Kommunal rammeplan. Her kan du lese meir i rammeplanen for barnehage : Rammeplan for barnehagen | udir.no

Leik er ein viktig del av barndommen. Leiken har ein eigenverdi, det er gøy å leike! Samtidig er det slik barna tileignar seg kunnskap. Dei bearbeidar erfaringar og utforskar livets spelereglar i leiken. Derfor er det viktig å legge til rette for denne leiken både inne og ute. Inkludering er ei overordna satsing som vi jobbar med igjennom heile året. Å vere med i leiken er ein viktig del av det å kjenne seg inkludert.  

Om vi er inne på ettermiddagen, ønsker vi at foreldre kjem inn på avdelinga og hentar barnet sitt der. Dette er for at personalet skal vere til stades for dei barna som leiker, og for å skape minst mogleg brot i leiken. Foreldre får også da sett barnet sitt i leik i barnehagen, og kan hjelpe til å avslutte barnehagedagen til barnet på ein god måte. Husk å ta av skoa.  

I barnehagen får barna frukost, lunsj og eit fruktmåltid. Minst ein gong i veka lagar vi varmmat. Vi er opptatt av at barna skal få god og sunn mat.  

Dagsrytma på Solhøla ser slik ut:

  • 07.00 Barnehagen opnar
  • 07.45-08.30 Frukost
  • 08.30-9.30 Leik/førebuing til aktivitetar/samling
  • 09.30-11.00 Aktivitet/tur/leik
  • 11.00-11.45 Måltid
  • 11.45-14.00 Leik//tur
  • 14.00-14.30 Fruktmåltid
  • 14.30-16.30 Leik/rydding etter dagen

Kontakt

Solhøla
Telefon 91 80 68 36
Mobil 91 72 84 47

Turtelefon: 91 72 84 47