Mat og måltid

Gode vaner med omsyn til kosthald og måltid blir skapt når barna er små. Mat og måltid er ein viktig del av barnehagekvardagen, og vi i Sunde barnehage legg vekt på at måltida skal vere trivelege, sunne og smaksrike. 

Det blir servert 3 måltid i barnehagen pr. dag.

  • Frukost fram til  8:30 (kom til kl. 08.15 om barnet skal ete frukost)
  • Lunsj rundt 10:30-11:30 
  • Eit lett måltid som inkluderer frukt eller grønsaker rundt 14:00. 

Barnehagen kjøper inn matvarer, frukt, mjølk og yoghurt og alt anna som trengs til matlaging. Vi tek omsyn til eventuelle allergiar. Vi tilbyr barna sunne kvardagsmåltid. Vi har varmmat ca ein gong i veka.

Pris

Kostpengar i barnehage
Foreldrebetaling for kost Pris
Heil plass 355,00
4 dagar 299,00
3 dagar 241,00