Pris/ Søknad om redusert foreldrebetaling

Her finn du prisar for SFO i Sula kommune, i tillegg finn du informasjon om kven som kan søke om redusert foreldrebetaling, og kva du må gjere for å søke om husstanden din er i målgruppa.

Prisar for SFO 01.01.23
Type plass Pris pr. mnd Barn 2 Barn 3
11 fakturaer pr. år 25 % moderasjon 50 % moderasjon
Heil plass 3 490,00 2 618,00 1 745,00
15 timar 2 691,00 2 018,00 1 345,00
12 timar 2 491,00 1 868,00 1 245,00
Kost, alle plasstypar 81,00 pr. mnd
Kortidsopphald pr. dag 357,00

Inntil 12 timar gratis SFO for 1.  og 2. trinn

Skuleåret 2022/2023 innførte Stortinget gratis opphald i inntil 12 timar på SFO for 1.klassingar. Frå og med skuleåret 2023/2024 vil tilbodet også gjelde for elevar på  2. trinn.

Du treng ikkje søke om å få gratis 12 timar SFO for 1. og 2. trinn, det blir automatisk innvilga.

Nye nasjonale retningslinjer for gratistilbodet skal vere klare forsommaren 2023.

Korleis fungerer dette?

  • Har du 12 timars plass og barnet ditt går i 1. eller 2. klasse vil opphald i SFO verte gratis.
  • Har du 15 timars plass og barnet ditt går i 1.klasse vil opphald i SFO koste 3/15 delar av normal sats, lik 538,20 kroner.
  • Har du full plass og barnet ditt går i 1.klasse vil opphald i SFO koste 10/22 delar av normal sats, lik 1586,40 kroner.

Har du redusert foreldrebetaling i SFO på grunn av låg inntekt vil du behalde denne reduksjonen, 12 timars gratis SFO for 1.klassingar vil då bli trekt frå detvreduserte beløpet.

Redusert foreldrebetaling SFO og barnehage

Ordningane gjeld for familiar eller hushaldningar som har låg inntekt.  Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein plass i barnehage eller SFO.

Det er kommunen barnet er folkeregistrert i som skal behandle søknad om reduksjon. 

Meir informasjon  og søknadsskjema finn du her.

Gratis  SFO for elevar med særskilte behov 5. - 7. årstrinn

Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn er eit ledd i arbeidet med å sikre at funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. 

Meir informasjon  og søknadsskjema finn du her.

Kontakt

Pål Sindre Digernes
Seniorrådgjevar skule
E-post
Telefon 95 71 22 59
Hildegunn Pedersen
Kommunalsjef kultur og oppvekst
E-post
Telefon 95 25 59 64

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Måndag - fredag 08:00 - 15:30