Sula kommune

Styrking av norskspråkleg utvikling for minoritetsspråklege barn

Sula kommune får Statstilskot til tiltak for å styrke den norskspråklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage.

Kommunen har valt å nytte tilskotet til å styrke det førebyggjande arbeidet ved å opprette ambulant stillingsressurs i det spesialpedagogiske teamet, kalla fleirspråkleg ressurs.

Fleirspråkleg ressurs er utdanna spesialpedagog og har spesialkompetanse på fleirspråklege barn.

Ressursen ambulerer etter oppsett plan og avtale med barnehagane. Ressursen bidrar mellom anna med råd og rettleiing, startar opp språkgrupper, gir tips om materiell og/eller har dialog via Team i Teams som er oppretta med kvar enkelt barnehage.

Kontakt

Lindis Akslen
Einingsleiar, Tiltakseining for barn og unge
E-post
Mobil 926 43 295