Bekymringsmelding

Kven kan melde frå til barnevernet?

Alle kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn eller ein ungdom kan ha det vanskeleg. Det kan vere foreldre, vener, naboar, barnehage/skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn treng hjelpetiltak. Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med oss.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.

Du må ikkje ha observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til  informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.

Slik melder du frå

Du kan ringe oss, møte opp personleg eller nytte meldingsskjema. 

Her finn du lenke til skejma for bekymringsmelding 

Tilgjengelegheitserklæring for Bekymringsmelding (KS Fiks)

Du kan velge å vere anonym. Barneverntjenesten ønsker likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka meir truverdigheit.

Kva skjer vidare?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking, eller henlegge meldinga dersom den er openbart grunnlaus. 

Barneverntenesta skal gi tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbart grunnlaus, eller der særlege omsyn taler mot å gi tilbakemelding. 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova. 

Lover og forskrifter

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune Ekspedisjon
Telefon 99 36 92 78
Barnevernvakt
Mobil 91 57 60 20


Bemanna heile døgnet, alle dagar.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise. Barnevernvakta skal i hovudsak gi råd og rettleiing på telefon.  Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar.

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30.