Besøksheim

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn eller ungdom, ein eller fleire døgn per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Besøksheim skal ikkje erstatte barnet sin heim hos biologiske foreldre, men vere ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte til foreldra.

Kven kan bli besøksheim

Einslege og par, med og utan barn kan være besøksheim.

Det blir ikkje sett krav om formell utdanning for å bli besøksheim, personlege eigenskapar og engasjement  blir vektlagde. Det er viktig at besøksheimen består av trygge og stabile vaksne personar med husrom og hjarterom.

Korleis bli besøksheim?

Om du har lyst å bli besøksheim kan du ta kontakt med barnevernet i Sula kommune, eller du kan fylle ut søknadsskjema under.

Søknadsskjema for å bli besøksheim

Vilkår

For å blir godkjent som besøksheim må ein legge fram politiattest i samsvar med reglane i Lov om Barnevern § 12-11 Krav om politiattest

Betaling/lønn

Besøksheim får godtgjering etter satsar vedtatt i kommunenes sentralforbund (KS). Satsane blir regulert årleg. For å få lønn må du fylle ut og sende inn timeliste.
 

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune Ekspedisjon
Telefon 99 36 92 78
Lindis Akslen
Einingsleiar, Tiltakseining for barn og unge
E-post
Telefon 92 64 32 95

Adresse

Besøksadresse
Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Postadresse:
Postboks 280
6039 Langevåg

Send sikker post (eDialog)

Opningstider

Måndag - fredag 09:00 - 13:00.

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30.