Om å ha fritidskontakt

Kva er ei fritidskontakt?

Ei fritidskontakt tilbyr bl.a. sosialt samvær, til dømes følge til ulike fritidsaktivitetar. ​​​​​​Fritidskontakta kan ta med barnet på turar, symjing, kino eller andre sosiale aktivitetar. Hjelpa blir gitt ut frå barnet sine behov. 

Formålet med ei fritidskontakt er at barnet skal få ei aktiv og meningsfylt fritid saman med andre. 

Fritidskontakta treng ikkje ha fagleg bakgrunn, men får rettleiing frå rettleiar.

Kven kan få tilbodet?

Barnevernet i Sula kommune vurderer om fritidskontakt er eit aktuelt tilbod for barnet.

Korleis får du tilbodet?

Tilbodet kan bli foreslått av barnevernet som eit eigna tiltak.

Hva kostar det?

Tenesta er gratis, men utgifter til aktiviteter må barnet dekke sjølv.

Om barnet har ledsagerbevis kan fritidskontakta få gratis inngang på stader som godtar ordninga.

Her kan du  lese meir om ordninga og søke om ledsagerbevis.

Har du lyst til å bli fritidskontakt?

Sjå korleis du kan søke om å bli fritidskontakt. 

Kontakt

Barnevernet i Sula kommune Ekspedisjon
Telefon 99 36 92 78