Pris/ Søknad om redusert foreldrebetaling
Inntil 12 timar gratis SFO for 1. klassingar
Stortinget har innført gratis opphald for 1.klassingar i SFO med inntil 12 timar. Alle 1.klassingar som søker og får tildelt plass i SFO frå hausten 2022 vil automatisk få gratis opphald inntil 12 timar i SFO.
Meir informasjon om 12 timar gratis SFO for 1. klassingar finn du her.
Korleis fungerer dette?
- Har du 12 timars plass og barnet ditt går i 1.klasse vil opphald i SFO verte gratis.
- Har du 15 timars plass og barnet ditt går i 1.klasse vil opphald i SFO koste 3/15 delar av normal sats, lik 503 kroner.
- Har du full plass og barnet ditt går i 1.klasse vil opphald i SFO koste 10/22 delar av normal sats, lik 1484 kroner.
Har du redusert foreldrebetaling i SFO på grunn av låg inntekt vil du behalde denne reduksjonen, 12 timars gratis SFO for 1.klassingar vil då bli trekt frå detvreduserte beløpet.
Redusert foreldrebetaling SFO og barnehage
Ordningane gjeld for familiar eller hushaldningar som har låg inntekt. Ei hushaldning skal ikkje betale meir enn 6 % av brutto årsinntekt for ein plass i barnehage eller SFO.
Det er kommunen barnet er folkeregistrert i som skal behandle søknad om reduksjon.
Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.
Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5. - 7. årstrinn
Gratis SFO for barn med særskilte behov på 5.-7. årstrinn er eit ledd i arbeidet med å sikre at funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår.
Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.