På Solevåg SFO har vi delt oss i to basar i nybygget:
Base A
Vi ligg i tredje etasje og her er første og delar av andre klasse. Her er også SFO sitt kjøkken som barna får servert ettermiddagsmat frå kvar dag.
Base B
Vi ligg i andre etasje rett under Base A. Her høyrer delar av andre klasse, tredje og fjerde klasse til. Vi nyttar grupperomma i etasjen til aktivitetar i mindre grupper.
Felles
Vi nyttar vi gymsal, språkverkstad, bibliotek og nærmiljøet flittig i SFO tida.
Elevane brukar same garderoba som dei gjer i skuletida.