Reduksjon i rutetilbod på buss - høyring

Fylkestinget vedtok i desember 2024 vedtok å kutte i busstilbodet i fylket frå 1. mai 2025, Fylkestinget vedtok i sak 17/25 i møte 23. april 2025 å reversere dei planlagde reduksjonane i busstilbodet i 2025. Forslaga til rutekutt skal behandlast på nytt hausten 2025 og er derfor lagt ut på høyring.

Rutetilbod 2025

For at busselskapa skal få tid til å tilpasse seg det nye vedtaket blir dei planlagde kutta i rutetilbodet gjennomført, men berre frå 1. mai til 18. august. Frå den datoen og ut året går bussane som i dag. «Togbussen» mellom Ålesund og Åndalsnes har vore omfatta av kuttplanane, men vil gå som normalt heile 2025.

Forslag til rutekutt frå 2026

I arbeidet med å foreslå kutt er det sett på kva avgangar som har minst belegg og fylket sett undet eit, og prioritert ut i frå det. Vedtaket om reversering av kutta gjeld for 2025. Rutekutt som  slik det framgår i lenka under, vil bli behandla politisk i forbindelse med økonomiplan i slutten av 2025. 

Om fylkestinget vedtek reduksjon i rutetilbodet, blir dei aktuelle bussrutene truleg endra i løpet av første halvår 2026. 

Innspel

Fylkestinget har bedt om at det blir gjennomført ei høyring av dei aktuelle kommunane knytt til dei rutekutta som er føreslått.

Høyringsinnspel kan sendast til Sula kommune innan 5. august på ein av følgande måtar:

Merk innspel med “Reduksjon i rutetilbod for buss”

Kontakt

Pål Sindre Digernes
Rådgivar
E-post
Telefon 95 71 22 59
Mobil 95 71 22 59