Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

Kontrollutval

Sula kontrollutval er kommunestyret sitt eige kontroll- og tilsynsorgan. Kontrollutvalet skal arbeide for å auke den allmenne tilliten til at kommunale oppgåver blir gjennomførte på ein måte som sikrar ei open, hjelpsam og likeverdig behandling, og at borgarane har god rettstryggleik.

Kontrollutvalet skal arbeide for

  • Auka kvalitet, effektivitet, produktivitet og tryggleik i dei interne rutinane
  • Optimal utnytting av kommunale midlar i høve til oppgåver, ressursbruk og oppnådde resultat
  • Ei forvalting som er i samsvar med gjeldande lover og anna regelverk

Meir informasjon om kontrollutvalet, medlemmar og møteplan, finn du på heimesidene til Sunnmøre kontrollutvalssekretariat IKS (felles uavhengig sekretariat for kontrollutvala på Sunnmøre)