Korleis står det til med folkehelsa i Sula?

undefined (PDF, 2 MB)Grunnlaget for helsa vår er dei daglege rutinane i heim, skule, arbeid og fritid. I tillegg kjem strukturane for lokalmiljøa, med til dømes gang og sykkelvegar, gode møteplassar, samferdsel, helseteneste, idrettsanlegg, kulturaktivitetar, tilgang til friområde og friluftsliv.

Handlingsplan for folkehelse

Handlingsplan for folkehelsearbeidet 2023 i Sula kommune tar utgangspunkt i satsingsområda i regional delplan for folkehelse 2014-2017. Målsettinga med God helse-programmet i Sula kommune er:

Å styrke det førebyggande og helsefremmande arbeidet i kommunen, særlig mellom barn og ungdommar - der vi vil tilskunde til meir fysisk aktivitet, rett kosthald og sunne haldningar i forhold til å ta vare på si eiga helse.

Handlingsplan for folkehelsearbeidet 2023 (PDF, 349 kB)

Folkehelseprofil

Folkehelseprofilen er eit bidrag til kommunen i arbeidet med å få oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som påverkar denne. Livskvalitet er temaet for folkehelseprofilen 2022.

Folkehelseprofilen for Sula for 2023. (PDF, 2 MB)

Oppvekstprofil

Oppvekstprofilen viser nokre av styrkane og utfordringane til kommunen, og kan brukast i planarbeidet for barn og unge og deira oppvekstmiljø.
Indikatorane er valde med tanke på å fremje oppvekstmiljøet for barn og unge, og må tolkast i lys av annan kunnskap om lokale tilhøve. Tema for profilane i 2022 er betydninga av sosiale forskjellar for barn si helse og oppvekst.

Oppvekstprofil for Sula kommune 2022 (PDF, 2 MB)

Oversikt over helsetilstand

Kommunen er i følge Folkehelselova pålagd å utarbeide ei skriftleg oversikt over helsetilstanden i kommunen, og faktorar som påvirker denne. Oversikta er basert på opplysningar frå stat og fylke, kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestane, og kunnskap om faktorar og utviklingstrekk i miljø og samfunn som kan ha innverknad på befolkninga si helse. 

Oversikt over helsestilstand i Sula kommune (PDF, 2 MB)


Statistikkbank

I statistikkbanken Kommunehelsa kan du sjølv hente ut informasjon.

#mittsula

Dei siste åra har Sula Kommune i samarbeid med ulike politiske fagutval arrangert temakveldar der vi inviterer innbyggjarane til dialogkafé om ulike tema for å skape engasjement og fremje folkehelsa i Sula. Disse samlingane har vi no valt å kalle #mittsula. Nedanfor finn dykk ei oppsummering frå dei siste #mittsula – samlingane:

Satsing i fylket

Satsinga på folkehelse i fylket skjer gjennom partnarskapsavtalar og samarbeid med kommunar, skular, frivillege organisasjonar og offentlege etatar. Målet er at flest mogeleg lever eit godt liv og meistrar sin eigen livssituasjon best mogeleg. Dette kan du lese meir om i Regional delplan for folkehelse. Gjennom God Helse-satsing i fylket blir det årleg utarbeidd ein God Helse-rapport (PDF, 8 MB) der ein samanfattar mykje av folkehelsearbeidet som skjer i Møre og Romsdal. Ei anna satsting er Levekårsundersøkinga. (PDF, 2 MB)

Kontakt

Renate Love
Fysioterapeut for kvardagsrehabilitering og folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 95 75 15 10