Byggestart for Kongshaugen reinseanlegg

15. mai blir det markering av byggestart for Kongshaugen reinseanlegg.

Etter mange år med utgreiingar og dei siste par åra med detaljprosjektering er det no klart for å markere første spadetak for det nye, felles reinseanlegget for Sula kommune og Ålesund kommune.

Markeringa blir onsdag 15. mai, før entreprenør gjer dei siste førebuingane til oppstart og sjølve arbeidet vil settast i gang veka etter 17. mai- og pinsehelga. 

Eit steg nærare lovleg avløpsløysing

Prosjektleiar Terje Endresen seier han gler seg over at prosjektet no er kome over i ein ny fase.

Det er sjølvsagt ein milepæl for oss i prosjektorganisasjonen, men det er ein svært viktig dag for regionen når vi set spaden i jorda og set i gang bygginga av eit anlegg som gjer at vi kan legge ned elleve utdaterte og ulovlege reinseanlegg og bygge eit nytt og framtidsretta anlegg.

Kongshaugen reinseanlegg og overføringsnettet vil sikre at ein innfrir også dei venta EU-krava for heile Sula kommune og store delar av dei mest befolkningstette områda i Ålesund. 

Vi får rydda opp i avløpssituasjonen og gjer det betre for livet i fjordane og folk og aktivitet på land. Med det nye anlegget får vi også ei løysing som skal stå seg i mange ti-år og som dermed er forutsigbar både for kommunane, innbyggarane og utbyggarar.

Nabolagsmøte om trafikkavvikling med meir

Byggestart er knytt til fortau langs Kongshaugstranda og klargjering av tomt til administrasjonsbygget.

Terje Endresen seier at fortau langs vegen er noko som har vore etterlyst av dei som bur i området, næringslivet og dei mange som går tur langs vegen. 

Vi gler oss over at prosjektet utløyser denne gevinsten for nabolaget, men i byggeperioden vil det påvirke mellom anna trafikken. Difor inviterer vi til nabolagsmøte for å gi meir informasjon om trafikkavvikling, planar for bygging og ein del andre ting.

Nabolagsmøtet blir tirsdag 7. mai 18:00 - 19:00 på Fole festlig.

  • «BLÅ fjordar» er eit samarbeid mellom Sula kommune og Ålesund kommune om felles system som sikrar lovleg reinsing av avløpsvatn frå heile Sula kommune og store delar av Ålesund kommune. 
  • BLÅ gir reinare fjordsystem, regional utvikling gjennom lovleg system for avløpsvatn og ei berekraftig løysing for framtida. 
  • BLÅ har både reinseanlegg, administrasjonsbygg og overføringsanlegg. 
  • Administrasjonsbygget skal ligge på Kongshaugstranda medan reinseanlegget vert bygd i fjellet bak administrasjonsbygget.