Eigenberedskapsveka 2025

Eigenberedskapsveka 2025 blir arrangert i veke 44, frå måndag 27. oktober til søndag 2. november. Temaet for årets kampanje er beredskap for unge under 30 år.

Illustrasjon - Klikk for stort bilete DSB/ Daniel Fatnes

Eigenberedskap er viktig

Auka uro i verda krev betre førebuing. I regjeringa sin nasjonale tryggleiksstrategi blir det slått fast at auka motstandskraft stiller større krav til eigenberedskapen i befolkninga.

God eigenberedskap gir tryggleik og gjer at myndigheitene kan hjelpe dei som treng det mest.

Tenk gjennom kva som kan skje, og planlegg for å klare deg sjølv – og støtte andre – i minst éi veke utan straum, vatn eller mobilnett.

Bli ein beredskapsvenn 

Å vere ein beredskapsvenn betyr å bry seg litt ekstra – å ta ansvar for seg sjølv, men også for naboar, vener og familie som kan trenge hjelp i ei krisesituasjon.

I sjekklista for eigenberedskap finn du døme på ting som er lurt å ha heime. Sjekk lageret ditt jamleg.

Nyttige lenker