Første kontrakt inngått for Kongshaugen

Ein viktig milepæl er nådd når første kontrakt for «BLÅ fjordar» no er signert. Aurstad Tunnel fekk oppdraget med fortau og klargjering av tomt.

Første kontrakt er signert. Frå venstre, prosjektleiar i Aurstad Tunnel, Christian Longva Otterlei, driftsdirektør Cato Aurstad, kommunalsjef samfunn, Ålesund kommune, Sol Berntsen Slinning, prosjektleiar BLÅ fjordar, Terje Endresen, byggeleiar overføringsnett BLÅ, Trygve Wigestrand Årsvold og byggeleiar Kongshaugen reinseanlegg/BLÅ, Ola Halkjelsvik. BLÅ - fjordar for framtida

Kontrakten med Aurstad Tunnel er den første av ei rekke kontraktar som skal inngåast for «BLÅ fjordar», og gjeld fortau langs Kongshaugstranda og klargjering av tomta til administrasjonsbygget ved Kongshaugen reinseanlegg.

Prosjektleiar for BLÅ fjordar, Terje Endresen, seier det er fleire grunnar til å gle seg over kontrakten.

Det er sjølvsagt stas når ein inngår den første kontrakten og når ein viktig milepæl for eit prosjekt som vil ha stor påverknad på samfunnsutviklinga i både Sula og Ålesund. 

Leverte på kvalitet og pris

I tillegg peiker han på at kontrakten er godt nytt både når det gjeld kvalitet og pris.

Vi har fått eit godt gjennomarbeidd tilbod av høg kvalitet og trur at det vil bli følgd opp i av ein flink entreprenør i det vidare arbeidet. Prisen ligg også godt under det som var budsjettert. 

Arbeidet med fortau og etterkvart tomta til administrasjonsbygget startar før sommaren og vil halde fram til vinteren 2024/2025. 

Viktig prosjekt

Cato Aurstad frå Aurstad Tunnel seier dei ser fram til å starte på arbeidet.

Vi er stolte over å vinne denne kontrakten og gler oss til å få vere dei som set den første grabben i jorda på dette store og viktige prosjektet for Ålesundregionen. Her er det mykje arbeid som skal gjerast i åra framover og vi vil gjere vårt til at prosjektet kjem godt i gang. 

Etter denne kontrakten er den store kontrakten på bergarbeidet med fjellhall og tunnel den neste kontrakten. 

Fakta

•    «BLÅ fjordar» er eit samarbeid mellom Sula kommune og Ålesund kommune om felles system som sikrar lovleg reinsing av avløpsvatn frå heile Sula kommune og store delar av Ålesund kommune. 
•    BLÅ gir reinare fjordsystem, regional utvikling gjennom lovleg system for avløpsvatn og ei berekraftig løysing for framtida.
•    BLÅ har både reinseanlegg, administrasjonsbygg og overføringsanlegg.
•    Administrasjonsbygget skal ligge på Kongshaugstranda medan reinseanlegget vert bygd i fjellet bak administrasjonsbygget.
•    I tillegg skal det byggast 37 kilometer overføringsleidningar med fleire pumpestasjonar og ventilhus.