Månadleg fakturering av kommunale avgifter

Om ikkje anna er avtalt, blir kommunale avgifter bli fakturert 4 gongar pr. år. med forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. Du kan  velje å få månadleg faktura.  Då må du sende oss melding på elektronisk skjema.

Før du kan endre til månadleg faktura må du gjere opp eventuelt uteståande restansar. Det gjeld faktuarer som er forfalle eller har gått til inkasso. Ta gjerne kontakt med oss for å få til ein avtale.

Hytter/fritidsbustad

Hytter/fritidsbustadar og småbåt/naustlag kan ikkje søke om månadleg faktura. 

Vassmålar

Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar i desember kvart år. Fristen for å lese av og melde inn vassmålarstanden er 01. januar. For dei som har månadleg faktura kjem oppgjeret på faktura for februar, medan dei som har kvartalsvis faktura får oppgjeret i mars, på 1. termin med forfall 20. mars.

Kvifor er beløpa ulike gjennom året?

Ved månadleg fakturering vil beløpa på fakturaen vere ulike i januar, februar og mars. Dette skuldast at eigedomsskatten, som blir fakturert i lag med kommunale avgifter. 

I Sula kommune er det Skattetaten si verdivurdering av bustaden som ligg til grunn for berekninga av eigedomsskatten. Desse tala er ikkje klare før i mars kvart år. Vi får derfor ikkje fakturert deg for eigedomsskatt i januar og februar, i staden blir du fakturert for eigedomsskatt for dei tre første månadane samla på fakturaen som du mottek i mars.  I praksis betyr det at beløpet på fakturaen i januar og februar er lågare enn elles,  medan fakturaen for mars er høgare, i perioden april - desember vil fakturaen ha likt beløp.

Oversikt over kommunaltekniske avgifter med forklaring

AvtaleGiro og eFaktura

Vi anbefalar deg å opprette AvtaleGiro eller eFaktura i nettbanken din. Om du opprettar AvtaleGiro eller eFaktura vil det tre i kraft frå neste faktura.

Meir informasjon AvtaleGiro og eFaktura

Forfall

Månadlege fakturarer har forfall 20. kvar månad. Overføring til månadleg faktura må tilpassast kommunen sine ordinære kvartalsvise fakturering. 

  • Om du ber om månadleg fakturering mellom 21. juni og 20. september, vil du får månadleg fakturering frå oktober.
  • Om du ber om månadleg fakturering mellom 21. september og 20. desember, vil du får månadleg fakturering frå januar.
  • Om du ber om månadleg fakturering mellom 21. desember og 20. mars, vil du får månadleg fakturering frå april.
  • Om du ber om månadleg fakturering mellom 21. mars og 20. juni, vil du får månadleg fakturering frå juli.

Kva gjer du dersom du ønsker å gå tilbake til kvartalsvis fakturering?

Send oss melding  på elektronisk skjema

Kva skjer etter at du har gitt beskjed om at du ønsker endring i antal faktura?

Endring i frå kvartalsvis faktura til månadleg faktura, eller omvendt, blir automatisk innvilga om du gir oss melding om at du ønsker det. Du vil derfor ikkje motta svar på søknaden.

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

01. juli til 09. august 2024 er dørene på rådhuset opne frå 09:00 til 13:00. 

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss