Melding frå feiaren

Har du fått ein SMS frå 27300000218405? Det er ikkje svindel, det er berre feiaren som prøver å komme i kontakt med deg. 

Dei startar med feiing i Langevåg i april. Du kan trygt opne SMS'en og sjå kva tid han planlegg å besøke din bustad. Du kan anten bekrefte at tidspunktet passar, eller avtale nytt tidspunkt ved å svare på SMS'en.