Nye retningslinjer for TT-ordninga

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok i sak T 0046­23 nye retningslinjer for TT-ordninga. Dei nye retningslinjene gjeld frå og med 1. januar 2025. TT­-budsjettet frå og med 2024 blir redusert frå 15 millionar kroner til 10 millionar kroner. Som ein konsekvens av vedtaket må talet på brukarar i ordninga reduserast. 

I følge fylkeskommunen inneheld vedtaket mange detaljar, dei har derfor valt å avgrense informasjonen dei sender ut no, for heller å sende ut meir informasjon i løpet av 2024. 

Dei ber brukarar av ordninga vere merksame på følgande:

  • Det blir innført eigenandel på 40 kroner per reise frå 1. januar 2024 
  • TT-­kortet kan ikkje brukast til å dekke eigenandelen 
  • Brukarar som per dags dato i år ikkje har nytta TT­-midlane blir tekne ut av TT­-ordninga 
  • Frå og med dags dato blir ingen nye brukarar tekne inn i TT­-ordninga 
  • TT-­brukarane må søke om TT­-midlar for 2025 etter dei nye retningslinene, søknadfrist er 1. oktober 2024
  • Det blir oppretta venteliste for søkarar som fyller kriteriera, men ikkje får tilbod om reisestøtte 

Ta kontakt med tiltakskontoret om du har spørsmål.

Kontakt

Astrid Engetrøen
Tiltakskontoret
E-post
Telefon 95 71 02 52