Reserver avtale med ein saksbehandlar på nett

Du kan reservere avtalar med saksbehandlarar i Sula kommune på heimesida vår.

Sula kommune har tatt i bruk bookingmodul på heimesidene. Her kan du reservere avtalar med saksbehandlarar i kommunen. Per i dag kan du gjere avtalar med dei som jobbar i innbyggartorget og på Eining for plan, byggesak og geodata. Fleire einingar vil bli tilgjengelege etter kvart.

Personleg oppmøte, digitalt møte eller telefon

Du kan i utgangspunktet velje om du vil ha eit personleg møte, eit digitalt møte, eller ein avtale på telefon. Saksbehandlar står likevel fritt til å endre dette om vedkomande meiner det er tenleg.

Slik avtalar du møte med ein saksbehandlar

Oversikt over dei saksbehandlarane som er tilgjengelege for avtale finn du her, fleire vil som sagt bli tilgjengelege etter kvart.

Når du har funne saksbehandlaren du ønsker å snakke med, trykk på "reserver" for å få opp kalendaren til vedkomande slik at du kan sjå når dei har ledig tid. Vel det tidspunktet som passar deg best.

For førespurnader som kjem inn seinare enn ein arbeidsdag før ønska møtetidspunkt, kan vi ikkje garantere at saksbehandlar kan møte til ønska tidspunkt.

Fyll ut registreringsskjema så detaljert du kan, slik at saksbehandlaren kan vere godt budd til møtet.

Førespurnaden blir sendt direkte til saksbehandlar. Du vil så få ein e-post frå vedkomande med endeleg stadfesting på om ønska tidspunkt er godkjent eller ikkje.

Kontakt

Kathrin Reidun Vågnes
rådgivar kommunikasjon
E-post
Telefon 48 12 30 75