Skattelistene for eigedomsskatt 2026

Melding om eigedomsskatt og bustadtakst  blir sendt ut i veke 9. Skattelistene for eigedomsskatt blir også tilgjengelege på heimesidene til Sula kommune frå og med 24. februar.

Skattelister for eigedomsskatt 2026

Ved Innbyggertorget kan du lese skattelistene på papir om du ønsker det.

Kva er bustadverdi/formuesgrunnlag

Bustadverdi (formuesgrunnlag)  fastsett av Skatteetaten (du finn den i sjølvmeldinga di) blir brukt som grunnlag for berekning av eigedomsskatt for bustadar.  Andre eigedomar har blitt taksert.

Sula kommune vart frå og med 2020 delvis definert som ein tettstadssone, noko som kan påverke bustadverdien.

Spørsmål og vurderingar omkring bustadverdien må avklarast direkte med Skatteetaten.

Sula kommune har ikkje anledning til å påverke bustadverdien.

Berekning av eigedomsskatt

Eigedomsskatten for 2026 blir berekna med ein vedtatt skattesats på 2 promille av skattegrunnlaget.  For bustadar og fritidsbustadar er skattegrunnlaget 70% av bustadverdi. Det blir ikkje gitt botnfrådrag til bustader og fritidsbustadar i 2026.

Meir informasjon om eigedomsskatt i Sula kommune

Klage på eigedomsskatt

Dersom du meiner at eigedomsskattetaksten er feil, kan du klage.

Det er to forskjellege framgangsmåtar, avhengig av om eigedomen din har bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten eller kommunal takst.

Vi kan ikkje ta imot klager pr. telefon. 

Klagefristen er 13. april 2026.

Faktura må betalast sjølv om du har klagd på taksten. Viss du får medhald i klagen, vil du få tilbakebetalt det som er betalt for mykje.

Faktura 

Eigedomsskatten blir fakturert saman med kommunale avgifter.

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider for innbyggartorg og sentralbord

  • Måndag og onsdag 09.00 - 13.00
  • Dørene på rådhuset er opne på kvardagar 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss