Søk støtte til rydding av marin forsøpling i fjøra
Skuleklassar, lag og foreningar kan no tene pengar på strandrydding! Dette er ei ordning som Sunnmøre friluftsråd har med midlar frå Miljødirektoratet. Sunnmøre friluftsråd deler ut midlar så langt budsjettet når, men prioriterer ungdom.
Dette skriv Sunnmøre friluftsråd om ordninga
Søkarar kan be om å rydde på spesifikke område over heile Sunnmøre. Endeleg utval av ryddeområde vert gjort i dialog med oss i Sunnmøre friluftsråd.
Rydding i fjøra på Sula.
Sunnmøre friluftsråd
Alle søkarar frå 7. klasse og oppover vert vurdert. Grupper med barn/unge vert prioritert. Av tryggleiksomsyn gir vi ikkje støtte til søkarar under 7. klassetrinn.
Søkarar kan få tildelt 5000 kroner i motivasjonsmidlar viss alle kriterium vert oppfylt.
Søknadskriterium
Søkarar må
- Ha eit organisasjonsnummer (skuleklassar kan bruke skulens organisasjonsnummer)
- Ha lokal tilhøyre
- Rydde i minimum to timar med minimum 10 personar
Etter rydding skal aksjonen registrerast i kart i www.ryddenorge.no. Vidare skal rydderapport og faktura sendast Sunnmøre friluftsråd.
Dei som får innvilga søknad vil få meir informasjon tilsendt.
Vi har begrensa midlar. Dersom det kjem mange søknader vert organisasjonar som ikkje har motteke midlar før prioritert før andre (så langt vi har oversikt). Søknadane vert i første omgang behandla etter 1 juni. Pulje to av søknader (dersom det er igjen midlar) vert behandla etter 1 juli. Vidare etter dette, vert søknadar kome inn behandla etterkvart som dei kjem inn.
Søknadsskjema finn du her
Publisert 20.05.2025 11.45
Sist endra 04.06.2025 11.48