Sula kommune

Sommarskule i Sula kommune - invitasjon til lag og foreningar

Sula kommune arrangerer gratis sommarskule  for kommunen sine elevar i veke 25, 26 og 32. I lys av den pågåande Covid-19 pandemien har regjeringa i år løyvd ekstra midlar til sommarskule. Sula kommune ønsker å invitere kommunen sine lag og foreiningar med som arrangørar av sommarskulen i 2021.

Utdanningsdirektoratet skriv i løyvinga:

Målet med sommarskulen er å gi fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skulen sin sommarferie i 2021, samt ein moglegheit til å få fagleg påfyll.

Vi ser også at dette kan vere ein arena der lag og foreiningar har moglegheit for å vise seg fram og auke rekrutteringa.

Kriteria for søknad

De kan no søke om støtte til å arrangere kurs for sommarskulen innafor dei kriteria som er sett under.

Kursa må:

  • vere tilpassa målgruppa 5.-10. trinn. Kurset må ikkje dekke heile målgruppa men kan til dømes være for 5-7. trinn eller 8-10.trinn.
  • vere opplegg for ei veke med eit program frå kl. 9-15
  • vere lagt til veke 25, 26 og 32
  • ha aktivitetar der elevane får fagleg påfyll og ikkje reine ferieaktiviteter. Dette kan inkludere kulturell, idrettsleg eller anna fagleg opplæring.

Søknad

Er det av interesse for dykk å bidra kan de sende søknad til sommarskule@sula.kommune.no innan 12. Mai.

Søknaden må innehalde:

  1. Ei skisse for aktivitetar som skal inngå i veka, inkludert mål for kurset
  2. Total kostnadsramme det vert søkt midlar til (inkl. lønn, utstyr, behov for skyss til aktivitetar o.l.). Om lag/foreining vel å arrangere skyss skal dette stå i søknaden og behovet skal vere beskrive. Lag/foreining må ved arrangert skyss innhente samtykke frå føresette i forkant.
  3. Ønska veke
  4. Plan for smittevern, jamfør til ein kvar tid gjeldande reglar for kommunen.
  5. Tal på plasser til elever
  6. Tal på vaksne som vil vere til stade
  7. Informasjon om lag/foreining mottek støtte frå andre aktørar til sommaraktivitetar. Det skal stå kven de får støtte frå og storleik på støtte.

Kursa må tilfredsstille kommunen sine krav til politiattest for tilsette og smittevernomsyn. Politiattest skal sendast inn til kommunen for alle tilsette i sommarskulen .

Har de ikkje moglegheit til å oppfylle kriteria over vil det likevel være mogleg å bidra med ferieaktiviteter i løpet av sommaren, men det vil dessverre ikkje være mogleg å søke økonomisk støtte.

For interesse og meir informasjon kring ferieaktivitetar kontakt: sommarskule@sula.kommune.no og telefonnummer 70 19 91 00