Den viktigaste oppgåva er å etablere ein varig og sunn driftsøkonomi. Vi arbeider derfor fortløpande med omstillingstiltak i eit samarbeid mellom administrasjon, tillitsvalde, verneombod og politikarar.
Kommunedirektøren har ansvar for at prosessen er open og forsvarleg, målet er å gjennomføre nok tiltak til å bringe økonomien i balanse over tid. Formannskapet vil fortløpande ta stilling til utviklinga i den økonomiske situasjonen, tiltak som blir foreslått og som er av prinsipiell karakter, skal behandlast av kommunestyret.
Ein open og forsvarleg prosess
For å sikre ein open og forsvarleg prosess er det laga ei rutine for omstillinga, den er utarbeidd saman med tillitsvalde, verneombod og arbeidsmiljøutvalet. Det er og utarbeida ein overordna plan for denne omstillingsprosessen spesielt. Her står det litt kort om bakgrunnen for prosessen og framdrifta i arbeidet.
Slik jobbar vi med tiltak
Vi skal gjere alt vi kan for å oppfylle krava i alle tenestene våre, men alle – både innbyggarar og medarbeidarar – må førebu seg på at vi ikkje får dei same tenestene i framtida som i dag. Tenestene kan bli organisert på ein annan måte, bli redusert i omfang, og tida du må vente på hjelp eller få svar på søknadar kan bli lengre.
Samfunnet er i endring, og uavhengig av økonomi må vi å endre dei kommunale tenestene. At vi er i ein krevjande økonomiske situasjon gjer no at endringane må kome raskare.
Som innbyggar har du framleis dine rettar, og du har moglegheit til å klage om du meiner at tilbodet, eller vedtaket du har fått ikkje oppfyller det du har krav på. Då blir klagen behandla av Statsforvaltaren som er tilsynsmyndigheit, og som kan avgjere om tilbodet er innafor lovkravet.