Sommartilbod for barnefamiliar

DNT Sunnmøre har eit breitt tilbod til barnefamiliar i sommar, det består både av friluftsferiar og friluftskular.

Friluftsferie for alle

DNT Sunnmøre tilbyr mellom anna hytteturar for familiar til veldig gunstige prisar. Du kan reise på ferie med andre, eller å dra på tur med eigen familie. Dette er ei fin introduksjon til friluftsliv for familiar som ikkje har så mykje erfaring!

Meir informasjon om friluftsferie

Friluftsskular

Det blir arrangert friluftsskuler (for barn 10-13 år) fleire stader på Sunnmøre. For ungdom frå 15 år har dei Basecamp både i Ålesund og i Tafjordfjella, og hytte-til-hytte-turar til veldig bra prisar! På både basecamp og friluftsskulen har dei moglegheit til å gi ut nokre gratisplassar. Ta kontakt med DNT Sunnmøre for meir informasjon. Førespurnadar blir behandla konfidensielt, verken instruktørar eller andre deltakarar veit kven som har betalt og ikkje.

Meir informasjon om friluftsskular for barn 10  - 13 år

Meir informasjon om Basecamp 13 - 18 år

Kontaktinformasjon til Sunnmøre DNT

Bilde av ei brun hytte, grønt gras i framfor hytta, høge fjell bak. Det er lettskya, fint ver. Animasjonsfigur nede i høgre hjørne. - Klikk for stort bileteDNT har eit allsidig tilbod til heile familien i sommar. Johnny Stølen