Tar grep mot radikalisering og valdeleg ekstremisme
Ålesund kommune har i samarbeid med politiet og Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS), utvikla ein rettleiar for å styrke arbeidet med å førebygge radikalisering og valdeleg ekstremisme. Sula kommune har også fått løyve til å ta den i bruk.
Regjeringa oppfordrar alle kommunar til å utarbeide lokale retningslinjer for å førebygge radikalisering og valdeleg ekstremisme. Førebygging av radikalisering og ekstremisme er ei samfunnsoppgåve som krev innsats på tvers av sektorar og fagområde for å sikre grunnleggjande verdiar som demokrati, menneskerettar og tryggleik.
Rettleiaren gir informasjon om korleis ein kan møte, førebygge og følge opp radikalisering og utvikling av valdeleg ekstremisme. Den beskriv ei handlingsløype frå bekymring til handling, og er retta mot tilsette i skulen, barnevernet, politiet, helsevesenet, og andre relevante aktørar. Målet er å fange opp personar i risikosona tidleg og møte dei med effektive tiltak.
Rettleiar ved bekymring for radikalisering og valdeleg ekstremisme
Publisert 11.06.2025 12.20
Sist endra 11.06.2025 13.16