Varsel om detaljregulering - Fiskarstrandvegen 124 - gnr. 70, bnr. 13 og 70 m.fl.
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 blir det varsla oppstart av detaljregulering for Fiskarstrandvegen 124, planID 20266004894. Området er ca. 15,3 daa og avgrensa som vist på kart. Planområdet omfattar gnr. 70, bnr. 13 og 70 m.fl., og er ca. 15,3 daa.
Forslagsstillar er Fiskarstrandvegen 124 AS v/ Finn Dyb-Sandnes, tlf: +47 909 28 932, e-post finn.dyb-sandnes@coop.no
Planområdet er lokalisert på Fiskarstranda ved Fiskarstranda skule. Skulen er nedlagt, og vil verte rive. Det planleggast etablering av daglegvarebutikk i søraustleg del av området, med mogleg etablering av kommunale bustader over daglegvarebutikken i seinare fase. Området mot nord planleggast utbygd som trinn 2 for å kunne etablere ei tilsvarande eining for kombinerte føremål.
Gjeldande reguleringsplan er «Reguleringsplan for eit område kring Fiskarstrand verft» frå 1999. Området er regulert til offentleg bygg. Det er ikkje krav om konsekvensutgreiing.
Ytterlegare opplysningar om planen kan fåast hjå Sporstøl Arkitekter AS. Naboar, grunneigarar og høyringsinstansar vert varsla direkte. Varslingsdokument er tilgjengeleg for nedlasting på www.sporstol.no under fane «Varsel», og på Sula kommune si heimeside.
Plandokument
Innspel
Innspel til planarbeidet bes sendt skriftleg til plankonsulent:
Sporstøl Arkitekter AS - boks 301 - 6067 Ulsteinvik
E-post: silje@sporstol.no - Tlf.: 700 18 550
Frist for innspel er 17.12.26.
Publisert 16.11.2026 10.20
Sist endra 16.11.2026 10.21