Aktiv fritid

Kultur- og fritidstilbodet i Sula er omfattande og variert.  I tillegg til kommunale tilbod som kulturskule og ungdomsklubb, står dugnadsånda  sterkt. Det er 100 - 150 lag og organisasjonar i kommunen med eit breitt spekter av tilbod, frå idrett og friluftsliv, til korps, kor og dans.

Vi håper du finn noko som fenger!

Kva skjer på Sula?

I Friskus aktivitetskalender finn du oversikt over aktivitetar og arrangement, i tillegg  finn du også informasjon om lag og organisasjonar i kommunen.

Friskus aktivitetskalender

Friluftsliv

På Sula ligg alt til rette for eit aktivt friluftsliv. Rett vest ligg storhavet, ideelt for deg som likar å fiske. Øya har og ein vakker skjærgard med mange sand- og rullesteinsstrender. Vi har også gammalskog, myrer og fiskevatn. Sulafjellet byr på lett tilgjengelege turmulegheiter året rundt.

Meir informasjon om friluftsliv på Sula

Biblioteket

Sula bibliotek - ei verd av draum og fakta!

På biblioteket møter du ei mangfaldig verd av kunnskap og opplevingar. I tillegg til dei tradisjonelle bibliotektenestene, kan du delta på ulike arrangement for både barn, ungdom og vaksne. biblioteket ønsker å fremje berekraft, demokrati, litteratur, kultur, utdanning, glede og ettertanke og vere eit positivt tilbod til den enkelte brukar og lokalsamfunnet. 

Biblioteket er ein møteplass for alle, midt i sentrum av Langevåg. Og det beste av alt; tilbodet er gratis.

Sula bibliotek

Sula frivilligsentral

Sula frivillig sentral arrangerer kafear, ungdomsarrangement, sykkelritt og aktivitetsdagar. Dei tilbyr også skysstenester. Dei har sportsbibliotek med gratis utlån av utstyr til både til sommar- og vinteraktivitetar.

Sula frivilligsentral på facebook

Donken Fritidsklubb

Den kommunale ungdomsklubben frå 13- 20 år ligg i Mauseidvåg og er open to dagar/kveldar i veka. Her er gratis inngang til ein rusfri møteplass.

Donken Fritidsklubb på facebook

Sula kulturskule

Eit tilbod frå 2. klasse til og med vidaregåande skule. Kulturskulen har tilbod om instrumentopplæring, song, biletkunst og drama. 

Sulakulturskule sine nettsider