Arbeid og næringsliv

Sula kommune er ein del av Ålesund-regionen og Sunnmøre, ein av dei sterkaste næringsregionane i landet. 

I Sula står maritim og marin næring sterkt, i tillegg til "handel og vandel" som Sunnmøringen er kjent for.

Ledige stillingar

Det er fint å bu og arbeide i Sula kommune, men ein kan også bu i Sula kommune og arbeide i ei av nabokommunane. Regionen har eit variert arbeidsliv, både innan offentleg og privat sektor. Om draumejobben din ikkje er å finne i oversikta under, kan du derfor utvide søket til også å omfatte kommunane i nærleiken. 

Går du med ein gründar i magen?

Sula kommune ønsker å legge til rette for at nye bedrifter skal få etablere seg i kommunen, samt at eksisterande bedrifter skal få utvikle seg.  Sula kommune har engasjert Ålesund Kunnskapspark AS (ÅKP) til å administrere dette arbeidet.

Les meir om hjelp til etablering og utvikling av bedrift i Sula kommune

I videoen under ser du intervju med Kristin Aarvik Bakken, grunnleggar av KAAB bryggeri,  der ho fortel litt om hjelpa ho har fått til å etablere og utvikle eiga bedrift i Sula kommune.