Klage på vedtak i plan- og byggesakLytt til tekstenStopp avspillingDersom du ikkje er nøgd med resultatet på vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du motttok vedtaket.Klaga må vere postlagt før fristen går ut. Kommunen kan ta klaga til følgje og endre eige vedtak, eller den vert sendt til fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd. Korleis klagar du?Klagen må: vere grunngjeven. Klagen bør også nemne alle opplysningar som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering angi kva vedtak det vert klaga på angi kva endringar som eventuelt er ønska vere underteiknaKlagen kan sendast på e-post til post@sula.kommune.no , eventuelt per post til Sula kommune, Pb. 280, 6039 LANGEVÅGSjølv om det er klagerett kan vedtaket gjennomførast straks. Ved klage vil kommunen avgjere om det er grunnlag for å utsette igangsetting. Denne avgjerda kan det ikkje klagast på.Aktuelt lovverk Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)