Kvifor Kvasnes?

Av økonomiske omsyn og stordriftsfordelar er det vedtatt at det skal utgreiast eit felles anlegg for Ålesund og Sula kommune. Mange undersøkingar, utgreiingar og politiske vedtak  ligg til grunn for at kommunane no jobbar for å få til eit felles reinseanlegg på Kvasnes.

Følgjande kriterium er lagt til grunn i vurdering av eigna lokalitet: utslepp i Storfjorden og nærleik til denne, eigna fjellformasjon (høgd, stabilitet), nærleik til sentrale knutepunkt og hovudnettet og kostnadar.

Det er ikkje avgjort kvar på Kvasnes anlegget skal ligge. For minst mogleg sjenanse vert eit fjellanlegg tilrådd. Det blir jobba med ulike alternativ både for plassering, innslag i fjell, tilkomst og utslepp. Målet er å finne ut av kva som teknisk og økonomisk mogleg og deretter utgreie desse alternativa nærare. Reguleringsplanen vil blant anna innehalde ei konsekvensutredning som skal vurdere konsekvensar for miljø og samfunn, og anbefale ei plassering som det vert utarbeid eit planforslag for som vil bli lagt ut til offentleg ettersyn.

Å etablere eit felles reinseanlegg i samarbeid med Ålesund kommune vil være eit av dei større miljøtiltaka i regionen. Undersøkingane som går føre seg  skal være med å sikre at vasskvaliteten i fjordane våre ikkje vært dårlegare.  Med nytt reinseanlegg er det planlagt biologisk reinsing for å stette sekundærreinsekravet.