Grensejustering

Grensejustering er å foreta små justeringar (som maksimalt utgjer 5 % av opprinneleg areal) av felles eigedomgrense mellom naboeigedomar. Du må søke kommuna om løyve.

Kven kan søke

Det er eigarar av dei involverte eigedomane som kan søke om grensejustering. Eventuelt person med fullmakt frå grunneigar.

Pris

Sjå Sjå gebyrregulativet for arbeid etter matrikkellova

Slik søker du

Bruk dette skjemaet (PDF, 147 kB) for å søke om grensejustering. Legg ved ei kartskisse som viser ønskt justering av grenser. Kartet skal vise eksisterande eigedomsgrenser, husplassering og ønskje om nye grenser.

Behandlingstid

Saksbehandlingstid for grensejustering er normalt frå 4-6 veker. 

Saksbehandling

Kun mindre areal kan justerast ved hjelp av grensejustering. Dette er kriteriene for å få utført ei grensejustering:

  • Arealet på involverte eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5 % (eigedomen sitt opprinnelege areal sett opp mot areal etter justering)
  • Arealet på involverte eigedomar kan aukast eller reduserast med maskimalt 500 m²
  • Ein eigedoma kan ikkje avgi areal som i sum overstig 20 % av eigedomens areal før justering

Det er ikkje nødvendig med noko kommunalt vedtak før vi gjennomfører grensejustering. Oppmålingsavdelinga vurderer om søknaden er innafor regelverket. Når vilkår om grensejustering er oppfylt, så kallar oppmålingsavdelinga partane inn til oppmålingsforretning i marka. På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser avklart og nye grenselinjer påvist og merka i marka.

Aktuelt lovverk

Lov om eigedomsregistrering (Matrikkellova) 

Kontakt

Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 68
Tor Even Pedersen
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 67