Kvar går eigedomsgrensene?

Om du skal bygge eller plante ein hekk på eigen eigedom, så kan spørsmålet om kvar eigedomsgrensa mi går, dukke opp.

Sjekke grensa ved hjelp av eigedomskart

For å få ein grei peikepinn på kor eigedomsgrensa går, så er eigedomskart på nett eit godt hjelpemiddel. Sula kommune sitt publikumskart på nett viser eigedomsgrenser som i ligg i matrikkelen (eigedomsregisteret). Ved å gå inn på "Kartlag" og velg "Eiendommer" og "Flyfoto" i denne kartløsninga, så får du ein god peikepinn på kor grensa di går.

Ver oppmerksam på at ikkje alle eigedomsgrenser ligg med like god nøyaktighet i kartet. Eigedomar som er målt i nyare tid (frå ca. år 1970 og framover) har som regel koordinatfesta grensepunkt med god nøyaktighet. Eldre eigedomar (med f.eks. skylddeling som arealkilde) har ofte eigedomsgrenser som ikkje er koordinatfesta i marka, og ligg dermed med ein dårlegare nøyaktighet i kartet. For å finne ut om eigedomsgrensa di har god nøyaktighet eller ikkje, så kan Kartverket sitt eigedomskart "Se eiendom" brukast. Her er nøyaktigheten på eigedomsgrensene definert med fargekoding. Teiknforklaringa forklarar fargekodinga.

Sjekk om det står grensemerker i marka

Om eigedomen er målt i nyare tid, så er det stor mogelegheit for at grensemerker er nedsett i marka. Ta ei runde rundt ytterkanten av eigedomen din, og sjå om der er nedsett grensemerker ("aluminiumskuler"). Dersom du har målebrev eller matrikkelbrev for eigedomen din, så står grensepunkta opplista med type merking i desse dokumenta.

Bestille grensepåvising (klarlegging av grense)

Om du treng å vite heilt nøyaktig kor grensa di går, så kan du bestille grensepåvising med oppmålingsavdelinga i Sula kommune. Grensepåvising er å klarlegge og merke eksisterande grenser i marka. Naboeigedomar som støytar til aktuell eigedomsgrense vert innkalla ved påvisinga/klarlegginga.

Kven kan bestille

Det er eigar av eigedomen som kan bestille grensepåvising/klarlegging.

Slik bestiller du

Bestilling skjer ved hjelp av dette skjemaet (PDF, 147 kB). Legg ved ei kartskisse som viser kva for grensepunkt du ønskjer påvist/klarlagt.

Pris

Prisen er avhengig av kor mange grensepunkt som er ønskt påvist. Dersom grensene ikkje er nøyaktig målt tidlegare (ikkje tidlegare koordinatfesta), så er prisen høgare. Sjå gebyrregulativ for arbeid etter matrikkellova .

Behandlingstid

Når oppmålingsavdelinga har mottatt bestillinga, så vil vi sørge for varsling om påvising/klarlegging til aktuelle partar, så snart som mogeleg. Saksbehandlingstida er normalt frå 2 til 4 veker for slike saker. Dersom det gjeld klarlegging av grense som ikkje er nøyaktig målt frå før, så kan saksbehandlingstida verte noko lenger. 

  

Kontakt

Bjørn Henning Grebstad
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 68
Tor Even Pedersen
Senioringeniør geodata
E-post
Telefon 95 71 22 67