Søknad om utsleppsløyve

Søknad om utslepp av sanitært avløpsvatn og kommunalt avløpsvatn frå hus og hytter under 50 pe – kapittel 12 i forureiningsforskrifta

Rettleiing til søkar

Les denne rettleiinga før du fyller ut og sender inn søknadsskjema.

Utfyllande informasjon og rettleiing finn du mellom anna på  nibio.no.

Kven har søknadsplikt?

Utslepp av sanitært avløpsvatn er søknadspliktig, jf. forureiningsforskrifta kapittel 12. Du må søke kommunen om utsleppsløyve både når du skal etablere nytt utslepp, og når du skal auke eksisterande utslepp ut over eksisterande rammer. Du må òg søke viss du skal endre type utslepp eller utsleppspunkt. Kontakt kommunen ved eining for kommunalteknikk dersom du er usikker på om du treng å søke.

Kva må du gjere i god tid før du søker?

Vi oppfordrar deg til å ta kontakt med kommunen ved eining for kommunalteknikk for å få greie på kva slags krav som gjeld der du vil slippe ut avløpsvatn. Få greie på kva som krevast av informasjon og dokumentasjon i ein søknad om utsleppsløyve. Kommunen pliktar å rettleie deg om korleis du skal søke, og om kva vilkår og krav som gjeld. 

Er avløpsanlegget i samsvar med kommunale planar?

Du må òg sjekke med plan- og byggesakseininga i kommunen om det planlagte avløpsanlegget ditt er i samsvar med kommunale planar. Viss det ikkje er i samsvar med plangrunnlaget for området, må du søke om dispensasjon.

Sjølv om kommunen har rettleiingsplikt, er det du som søkar som skal hente inn all nødvendig informasjon og vise at det planlagte utsleppet er i samsvar med krava. Erfaringsmessig kan det ta noko tid å samle inn all nødvendig informasjon, så start i god tid.

Varsle naboar og andre som kan blir råka av tiltaket

Du har plikt til å varsle naboar og andre som blir råka av utsleppet. Andre som blir råka enn naboar kan for eksempel vere lag og foreiningar, eller andre som har friluftsinteresser i området. Når du sender varsel til desse, skal du samstundes sende kopi av varselet til kommunen. Viss du er i tvil om kven som skal varslast, kan kommunen hjelpe deg med å utarbeidde ei liste over potensielle råka. Varsel skal sendast ut med svarfrist på minimum fire veker. Du må sjølv sørge for å få kvittering for at varselet er sendt (for eksempel kvittering på rekommandert brevsending, underskrift eller liknande).

Søknaden om utsleppsløyve må innehalde ei oversikt over kven som er varsla, kopi av varselet og kvitteringar. Du må òg legge ved evt. fråsegner/protestar du har mottatt. Søknaden om løyve etter kapittel 12 kan ikkje sendast til kommunen før svarfristen på fire veker er gått ut.

Søknadsskjema

Søknad om utsleppsløyve

Saksbehandling

Det er søkar sitt ansvar å fylle ut ein nøyaktig og fullstendig søknad med alle opplysningar kommunen treng for å kunne behandle den. Kommunen sett i gang behandlinga av søknaden når vi mottek eit fullstendig utfylt søknadskjema med alle nødvendige vedlegg. Kommunen behandlar søknaden innan seks veker frå fullstendig skjema med vedlegg er mottatt. Dersom det manglar opplysningar eller dokumentasjon i søknaden, kan det forseinke behandlinga. Viss du har søkt om unntak (dispensasjon) frå standardkrava i forureiningsforskrifta kapittel 12, gjeld ikkje saksbehandlingsfristen på seks veker.

Eg har sendt søknad om utsleppsløyve til kommunenNår kan eg forvente svar?
Eg har sendt inn ein fullstendig søknad som er i samsvar med standardkrav og eventuelle lokale tilleggskrav frå kommunen.Søknaden skal behandlast av kommunen innan seks veker. Viss kommunen ikkje har gitt svar på søknaden innan seks veker, reknast løyve som gitt.
Eg har sendt inn ein fullstendig søknad som inkluderar søknad om dispensasjon frå reinsekrava i forureiningsforskrifta.Saksbehandlingsfristen på seks veker gjeld ikkje for dispensasjonssaker. Saksbehandlinga kan ta lengre tid enn seks veker, men søknaden skal i alle høve behandlast så snart som mogleg.
Eg har sendt inn ein ufullstendig søknad (ikkje alle punkta i søknadsskjemaet er fylt ut, eller det manglar vedlegg).Søknaden vil ikkje bli behandla før den er komplett. Det er ditt ansvar som søkar å sørge for at søknaden er komplett.  

 

 

Kontakt

Per Ola Ravnå
Driftsleiar kommunalteknisk
E-post
Telefon 41 40 09 42
Daniel Morken Farstad
E-post
Telefon 95 71 22 71