Slik kan du skaffe deg bustad sjølv

Du finn ei oversikt over bustadar til leige i kommunen på finn.no og hybel.no, i tillegg finn du annonsar for bustadar til leige i lokalavisene. Vi anbefaler også at du sjølv set inn annonsar under "Ønskes leid" i lokalavisene, samt på finn.no og hybel.no

Depositum

De fleste utleigarane krev at du betalar eit depositum. Depositum er ei sikkerheit for skuldig husleige eller skadar på bustaden du leiger. Ta kontakt med banken din og søk om lån til depositum. Hvis ikkje du får lån i banken, kan du søke NAV om hjelp  i form av ein depositumsgaranti, merk at NAV ikkje er ein part i leigeforholdet sjølv om du får innvilga ein depositumsgaranti. 

Her kan du søke om depositumsgaranti (nav.no)

Bustøtte

Om du har lav inntekt og høge buutgifter, kan du søke om bustøtte.

Les meir om bustøtte her

Økonomisk sosialhjelp

Økonmisk sosialhjelp er ein mellombels stønad du kan få om du ikkje kan dekke nødvendige ugifter sjølv. 

Les meir om økonomisk sosialhjel her

Økonomi- og gjeldsrådgiving

Om du har problem med gjeld eller utfordringar med å få endane til å møtast, bør du søke hjelp så tidleg som mogleg. Målet med slik rådgiving er å hjelpe deg slik at du blir i stand til å styre økonomien din sjølv.

Les meir om økonomi- og gjeldsrådgiving her

Lån i banken

Ta kontakt med banken din for å søke om lån til bustad

Startlån og tilskot frå kommunen kan hjelpe deg som har hatt langvarige problem med å få lån i vanleg bank til å kjøpe eller tilpasse eigen bustad. I nokre tilfelle kan kommunen kombinere startlånet med tilskot til etablering/utbetring.

Får du lån til bustad i privat bank, kan du ikkje få startlån. Er du ung i etableringsfasen, eller i ein situasjon der du kan spare, får du heller ikkje startlån.

Les meir om startlån og boligtilskot her

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset (tidlegare servicetorget)
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider
Måndag - fredag: 09:00- 13:00

Dørene på rådhuset er opne 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss

NAV Sula
Telefon 55 55 33 33

Om du øsnker å snakke med ein rettleiar er mottak opent tysdag og torsdag klokka 10:00-12:00

Kontaktinformasjon: www.nav.no eller telefon 5555 3333

Besøksadresse:  Molværsvegen 12, 6030 LANGEVÅG

Her finn du dei no NAV (video)