Bestille eller endre abonnementLytt til tekstenStopp avspillingAlle private hushaldningar i Sula kommune må ha offentleg renovasjon, det gjeld også for hytter og fritidsbustadar.Dei fleste har eit standardabonnement, men om du har lite avfall kan du velge å ha henting av restavfall berre annakvar veke. Fleire hushaldningar kan også velge å slå seg saman og dele større dunkar.Ordinær renovasjon• Henting av restavfall ein gong i veka• Henting av papir og plast kvar fjerde veke• Renovasjonskalenderen viser kva dag du har henting.Redusert renovasjon /kompostabonnement Henting av matavfall annakvar veke (gjeld ikkje kompostabonnement) Henting av restavfall kvar 4. veke Henting av papir og plast kvar fjerde veke Husstandar med redusert abonnement har lys grå farge på lokket på restavfallsdunken. Slik kjenner renovatørane att kven som har henting kvar fjerde veke. Ordninga gir reduksjon i prisen (PDF, 129 kB)Samarbeid om renovasjon Du kan samarbeide med ein eller fleire andre husstandar om dunk. Dunken blir henta kvar veke Kvar kunde har mellom 70-140 liter til disposisjon i dunken. (Ta kontakt med ÅRIM dersom de har behov for avtale med større volum per kunde). Samarbeidet blir oppløyst om partane i samarbeidet er ueinige. Du kan ikkje samarbeide med deg sjølv (døme: om du har utleige i kjellar). Ordninga gir reduksjon i prisen (PDF, 129 kB)Skat/hageavfallKan leverast gratis på Bingsa miljøstasjon.Du kan lese meir om dei ulike abonnementa på nettsidene til Årim. Bestille eller endreSkjema for å bestille endre renovasjonsabonnement.Søk om fritakFritak blir berre innvilga for periodar på minst 6 månader. Søknaden skal begrunnast. Ved søknad om fritak for fritidsbustad må eigedomen stå til nedfalls. Dette må dokumenterast med bilete.Skjema for søknad om fritakPrisarPrisar for renovasjon i Sula kommune (PDF, 129 kB)Lover og reglarForskrift om renovasjon i Sula kommune