Kva kan eg spare på å installere vassmålar?
Vi har laga ein enkel modell der du kan rekne ut kva din husstand kan spare på å installere vassmålar. Vi gjer merksam på at summen er rettleiande, ikkje eksakt.
Fyll inn talet på kvadratmeter bruksareal og personar i din husstand i skjemaet under.
Slik skaffar du deg vassmålar
Du må kontakte rørleggar. Rørleggar monterer vassmålaren og melder den inn til kommunen.
Slik les du av
Vi sender ut påminning om avlesing av vassmålar i desember kvart år. Du vil få ein SMS med informasjonen du treng for å kunne melde inn målarstanden. Les av alle dei svarte tala - også nullane. Raude tal skal ikkje takast med. Fristen for å lese av og melde inn vassmålarstanden er 01. januar.
For dei som mottek avlesingskort kan vassmålarstaden registrerast via internett på www.leseav.no. Lenken til www.leseav.no er aktiv i perioden medio desember til medio januar kvart år.
For dei som har månadleg faktura kjem oppgjeret på faktura for februar, medan dei som har kvartalsvis faktura får oppgjeret i mars på 1. termin med forfall 20. mars .
Her kan søke om å faktura ein gong i månadleg (eller endre tilbake til kvartalsvis)
Prisar
Kommunaltekniske gebyr (PDF, 129 kB)
Gebyr for vatn og kloakk er delt inn i fast- og forbruksgebyr
Fastgebyr
Fastgebyr vatn og kloakk er den faste delen av gebyret og er uavhengig av kor mykje vatn du brukar.
Forbruksgebyr
Forbruksgebyr vatn og kloakk (vatn inn = kloakk ut) vert rekna ut etter bruksarealet (BRA) eller vassmålar.
Årsoppgjeret for vassmålar kjem på 1. termin. For dei øvrige terminane blir det stipulert eit â konto beløp berekna ut i frå forbruket året før.